Sofies gate 67A, 0168 Oslo, Norway
9650NOK
Godkjent av rentola.no
Sist aktiv: 7 dager siden
Hei! Eg leiger ut eit rom i ein leiligheit på Bislett .m 1.februar 2024. Det er Spabo Eiendom som eiger leiligheita. Leiligheita ligg sentralt til mellom Bislett og Adamstuen, i ein roleg sidegate med umiddelbar nærleik til 17- og 18- trikken og 21- og 37-bussen. Leiligheita er på ca. 52 kvm med gang, åpen kjøkkenløysning, stove, to soverom og separat toalett og dusj. Det er god takhøgde og fine vindauger som slepp inn mykje lys. I tillegg disponerer me ein stor bod i kjellaren med plass til sykkel, skiutstyr og liknande. Leiligheita er i fyrste etasje, men vender ut mot ein roleg bakgår. Soverommet som skal leigast ut er litt over 7 kvm. Det er plass til ein 120 cm seng, som kan kjøpast av min tidlegare romkamerat. Det er også plass til ein liten kommode eller pult. Soverommet inkluderer også eit klesskap. Trappevask, internett, vaktmestertjeneste, bredbånd (225 kr/mnd) , vatn- og avløpsavgift (176 kr/mnd) er innkludert i den oppgitte leiga. Eg er 26 år og utdanna sivilingeniør og jobber fulltid som konsulent. Eg ser etter ei hyggeleg og ryddig jente som helst også jobbar. Eg er ein sosial og aktiv person som er glad i å trene, vera ute på tur og med venner, men eg liker også rolege dager i leiligheita med strikking og god mat. Send meg gjerne ein melding med litt informasjon om deg sjølv, så snakkast me nærmare for å avtale visning :)
Noen bekymringer angående dette prospektet? til vårt team.
Detaljer om denne eiendommen
Vis alle rom i OsloEiendomstype
rom
Rom
1
Størrelse
7 m²
Pris
9 650 NOK
Leieperiode
Ubegrenset
Tilgjengelig fra
01-02-2025
Kjæledyr er tillatt
Nei
Møblert
Ja
Pris per m²
1379 NOK
Relatert boliger i Oslo
Populære leiesøk i Norge