2 rom leilighet på 75m² i Høydalsmo

3891 Høydalsmo, Norway

10 000 kr / måned

Leieperiode: Ubegrenset
Ledig fra: Så snart som mulig

Nye og moderne leilegheiter til leige – idyllisk ved Oftevatn

Nye og moderne leilegheiter til leige – idyllisk ved Oftevatn Ynskjer du å bu i ei ljos, moderne og triveleg leilegheit med flott plassering ved vatnet? Vest-Telemark Næringsbygg AS har tre ledige leilegheiter med kort veg til badeplass, fiske og fine turområde. Kvar leilegheit er på 75 m², med gjennomgåande god standard, og inneheld: gang, stue/kjøkken, to soverom, bad og vaskerom. Det er uteplass/balkong med takoverbygg med flott utsikt til Oftevatn på kvar leilegheit. Dei tre tilgjengelege leilegheitene ligg i bygg 2 mot vest – ein i 2. etasje og to i 1. etasje. Bygga er firemannsbustader med direkte tilkomst frå bakkeplan eller via eigen takoverdekt trapp.Oppvarming i stue skjer med vedomn, medan det er varmekablar i golv på bad, vaskerom og gang. Det er også moglegheit for elektrisk oppvarming.Kvar leilegheit har eigen sportsbod, garasjeplass og tilgang til avfallsrom i frittståande bygg. Garasjeporten har elektrisk opning med nødopning, og det er tilrettelagt med elbil-ladepunkt.Leilegheitene vert leigde ut umøblert. Integrerte kvitevarer: platetopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Frittståande kvitevarer: kombi-kjøleskap.BeliggenheitFiremannsbustadene ligg direkte mot Oftevatn, med sørvest vendt orientering på opphaldsrom og uteplass/balkong. På landsida er biltilkomst med parkering og garasjar, samt grøntområde med uteplass.Leilegheitene ligg sentralt i Høydalsmo, med kort avstand til skule, barnehage, daglegvarebutikk, kollektivtransport og andre lokale fasilitetar.AnnetHusleige: kr. 10.000 pr. månad. Depositum 20.000 kr.Strøm og internett er ikkje inkludert.Oppseiingstid: 3 månader for begge partar.Leiligheita er røykfri, og det er ikkje tillate med husdyr.Interresert?Ta

Type bolig

leilighet

Rom

2

Størrelse

75 m²

Pris

10 000 kr

Leieperiode

Ubegrenset

Kart

3891 Høydalsmo, Norway

Laster inn kart

Utforsk boligutleiesøk i nærheten av deg