Finnbergåsen 26, 5063 Bergen, Norway
5000kr
Approved by rentola.no
Last active: about 12 hours ago
Store, lyse og fine hyblar/rom i ein stor leilegheit på 78 m2 til leige. Leilegheita ligg i dei to øverste etasjane i eit ærverdig og velholdt townhouse/rekkehus i mur frå 1929. Huset ligg på finaste Finnbergåsen og har blitt vesentlig oppgradert dei siste åra. Her på Finnbergåsen har ein kort veg til blant anna Sentrum, Haukeland sjukehus, Høgskulen, Bybana på Kronstad og Brann Stadion, Bysykkelstativ, SIB og SATS treningssenter, samt nærbutikkar. Cafe Ambrosia er ei herleg perle i området. Ellers ligg både Leaparken og Solheimsvatnet berre eit steinkast unna. Løvstakken og Ulriken er to lett tilgjengelige byfjell for dei som likar fjellturar. Leilegheita består av eit fint bad med dusj/toalett/varmekablar/vifte, eit ekstra separat toalettrom og eit kjøkken med alle kvitevarar. Fellesområda delast ellers mellom 4 rom. Vaskemaskin og tørketrommel er tilgjengeleg i eit separat vaskerom. Raskt fiber-internett fylgjer med. Ellers har leilegheita enkel tilgong til eigedomens grøntareal foran huset. For augeblikket bur Johannes, Oda og Julie her. Dei jobbar/studerer, er hyggelige, ryddige og lev ellers livets glade dagar i Noregs finaste by. Leigast ut delvis møblert. Fast inventar er: Hybel/soverom: Seng (120 cm), garderobeskap. Kjøkken: Induksjonstopp, steikeovn, oppvaskmaskin, kjøleskap med frys. Vaskerom: Vaskemaskin, tørketrommel. Tilgjengelige hyblar/rom (A): A1: 2.etg vest, 17 m2 – 6500 kr/mnd - ledig fom . A4: 3.etg aust, 11 m2 – 5000 kr/mnd - ledig fom . (th.A3) Internett (fiber): Inkludert. Straum/felleskost fastpris: 550 kr/mnd per hybel. Parkering i offentlig gate etter gjeldande bestemming (Sone 29). Ingen dyr utan spesiell avtale, dessverre. Ingen røyk på eigedomen. Låg partyfaktor. Valmoglegheiter for depositum/garanti: 1. 3 månader leige + straum i depositum til sperra depositumskonto. 2. 2 månader leige + straum som garantibeløp til eigen konto. 3. 3 månader leige + straum garanti frå garantist. Hyblane/romma er klare for innflytting etter gitte datoar. Send meg gjerne ei melding der du fortel litt om deg sjølv, kor lenge du eventuelt kunne tenkje deg å leige og kva hybel som er aktuell for deg - så avtalar me visning deretter. Vonar på interesse og ynskje om å bidra til eit fint bufellesskap! Sjå gjerne på opplasta videovisning. Det er ellers sjøvsagt moglegheiter for fysisk visning óg. Vonar å høyre frå deg!
Any concerns about this listing? to our team.
Details about this property
View all rooms in BergenProperty type
room
Rooms
1
Size
17 m²
Price
5,000 kr
Rental period
Unlimited
Available from
01-01-2025
Pets allowed
No
Washing Machine
Yes
Dishwasher
Yes
Parking
Yes
Furnished
Yes
Price per m²
294 kr
RIHk06
Related listing in Bergen
Popular searches in Norway