3 rooms apartment of 110m² in Molde

6419 Molde, Norway

25 000 kr / month

Rental period: Unlimited
Available from: ASAP

Ny einebustad frå 2023 til leige

Ny einebustad frå 2023 til leige Vi leitar etter nokon som vil leige den fine heimen vår i 1,5 år frå ultimo august 2026, da vi skal til Trondheim ifm spesialisering på St. Olavs Hospital.Huset er ein ny einebustad frå 2023 i eit roleg, barnevennleg og triveleg nabolag i Lergrovika i Molde. Ingen gjennomgangstrafikk. Det er gjennomgåande høg standard, og ein kan blant anna nemne peisovn, høg takhøgde i hovudetasje, stort og gjennomtenkt kjøkken, to bad kor det eine er kombinert med vaskerom, godt med bodplass (inkludert skibod, egen teknisk/isolert bod, kjøkkenbod, bod under trapp) stor carport og tre soverom av god størrelse. Flott fjell- og fjordutsikt gjennom store sørvendte vindauge med direkte utgang til sørvendt balkong med svært gode solforhold. Det er etablert hage med frukttrær, bærbusker og stor platting med kveldssol og takoverbygg.Det er gåavstand til barneskule, ungdomsskule, barnehage, fleire matbutikkar og fleire busshaldeplassar med overraskande godt kollektivtilbud til både sentrum og SNR Hjelset. Kort veg til badestranda på Retiro samt rekreasjonsområdet Katthola.Boligen leigast ut delvis/fullt møblert etter nærare avtale. Huset passar feks svært godt for sjukehustilsette da det er på riktig side av byen mtp pendling og har svært god bussforbindelse med berre 7 minutt gange til 714-bussen og 100-ekspressen.Ingen husdyr eller røyk tillatt.Vi leitar etter deg som vil ta godt vare på heimen vår og gjerne også hagen. Ta

Property type

apartment

Rooms

3

Size

110 m²

Price

25 000 kr

Rental period

Unlimited

Map

6419 Molde, Norway

Loading map

Popular searches