5590 Etne, Norway
10 000 kr / month
Koselig hytte sentralt i Etne - innflyttingsklar! Finn freden i denne skjerma perla rett utanfor Etne sentrum 🥰Dette er ei koselig hytte 300 meter frå Coop Extra og gåavstand til senter og sentrum. Nydeleg utsikt mot sentrum og Etnefjella. God skjerming frå trær gjer lite innsyn men godt utsyn. Hytta er av enkel, men god standard og har hatt utskiftning av ein del vinduer og peis dei siste år. Det er òg komt inn varmepumpe som held heile huset varmt gjennom vinteren. Det er eige brønnvatn med renseanlegg. Den har det meste av det som kan forventast av ein moderne boenhet, men foreløpig ikkje oppvaskmaskin. Dette kan komme til hvis det er viktig for leigetakarar. Etasjane: Råkjellaren har god lagringsplass og vaskemaskin/tørketrommel, men kan ikkje brukast til så mykje anna 🙂 Den tar inn litt vatn ved store regnbyger, men det renn berre utpå gulvet og er ikkje til skade. Hovudetasjen: Her kjem du inn i ein gong med toalett og bad på kvar si side. Deretter kjem du inn i ein rommelig garderobe/gang, nyleg oppussa. Du kjem så inn i kjøken/stoveavdeling med utgong mot den store terassen. Loftet: Så tek du trappa opp. Her kjem du til ein nokså rommelig gang med to rom, et av lite/middels størrelse (rom 1 på bilde) og deretter eit stort rom (rom 2 på bilde) med ein kledelig retrotapet frå 60-tallet! Det er 2 soverom, men mulighet for å laga til lettvegg i stova slik at det blir 3. Huset er møblert men dette kan revurderast om det er seriøse leigetakarar som ønsker å leige stabilt over tid.Ta
Property type
apartment
Rooms
2
Size
75 m²
Price
10,000 kr
Rental period
Unlimited
5590 Etne, Norway
Loading map
Verified by Rentola
Last active: 5 days ago