6103 Volda, Norway
14 500 kr / month
Hovudetasje med panoramautsikt og kort veg til sjukehus og turterreng Me leiger ut hovudetasjen vår i Einebakken 9 medan me er på Austlandet for utdanning frå desember 2025 til august 2027.Boligen har tre soverom og nyoppussa bad med badekar. Koseleg kjøkken der du kan kokkelere medan du ser utover Volda og snøkledte toppar. Stor stove med tre panoramavindauge, vedomn og gode moglegheiter for å nyte ein kaffikopp og kvile augene på ferja som glir over fjorden. Kveldssola kan du nyte på vestvendt terasse med overbygg om det skulle komme eit regnskyll. I tillegg eit vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Asfaltert biloppstillingsplass for to bilar. To riktberande epletre, eit plommetre, pæretre, to morelltre og bærbusker gir glede frå vår til haust.Huset ligg optimalt til for deg som likar kort veg til naturen, men samtidig vil bu i gangavstand til sentrum. Her ligg det til rette for fotturar året rundt, nokre gonger også å spenne på seg skia utanfor huset og labbe opp på Melshornet for så å suse ned igjen. Leilegheiten passar både for barnefamiliar, par eller studentar. Spesielt praktisk er det for deg som jobbar på sjukehuset med snarveg ned lia like utanfor huset. Hovuddelen er møblert med kvitevarer, stolar, bord, fjernsyn og grunnleggande kjøkenutstyr. Det er også senger med dobbeltseng på eit rom, familiekøye på eit anna og 110 cm seng på det siste. Desse kan ein sjølvsagt bytte ut med eigen seng etter eige ønske. Me leitar etter hyggelege og rolige leigetakarar, helst for langtidsleie til august 2027, men ta gjerne
Property type
apartment
Rooms
3
Size
100 m²
Price
14,500 kr
Rental period
Unlimited
6103 Volda, Norway
Loading map
Verified by Rentola
Last active: 2 days ago
Related listing in Volda